Velkomen til Kjenndalstova, ein restaurant i eit område omringa av overveldande natur med ei tilhøyrande dramatisk historie. Her kan du ete tradisjonsrik mat, oppleve natur og historie på guida båttur over Lovatnet, og overnatte på Hogrenning feriehytter, ein stad som gjev deg eit fantastisk utgangspunkt for opplevingar, attraksjonar og aktivitetar.

Kjenndalstova

Kjenndalstova

Kjenndalstova er ein kafé som ligg i Kjenndalen i enden av Lovatnet. Sesongen er frå midten av mai til september. Vi tek imot selskap og arrangement,og skreddersyr pakker som inkluderer både båttur og besøk på Kjenndalstova. Kjenndalstova fokuserer på det heimelaga og på norske mattradisjonar.

MB Kjendal

MB Kjendal

MB Kjendal går frå mai til september mellom Sande og Kjenndalsanden. Med guide på turen får du oppleve Lodalen si dramatiske historie i tillegg til den veldige naturen ikring. MB Kjendal tek 49 passasjerar. Båten går hovudsaklig på bestilling men det er mogleg å følgje han på enkelte dagar.

Hogrenning Feriehytter

Hogrenning Feriehytter

Hos Hogrenning Feriehytter kan du få leige feriehytte, nyte naturen og stillheta Lodalen kan tilby. Lodalen er eit godt utgangspunkt for aktiviteter som fotturer, brevandring, fiske, padling, historie eller avkobling. Hogrenning Feriehytter har 5 hytter med 2 til 6 sengeplassar. Alle hyttene ligg ved Lovatnet.

[ Les meir om Kjenndalsstova ] [ Les meir om MB Kjendal ] [ Les meir om feriehyttene ]
Kjenndalstova AS & Hogrenning Feriehytter - 6789 Loen - post@kjenndalstova.no    [web: Sætre Data 2008 ]